Statsbudsjettet 2019 om leirskole

Publisert: 15.11.2018

Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring

Etter opplæringslova § 2-3 første ledd kan ein del av undervisningstida brukast til leirskoleopplæring. Dette blir i retningslinjene for tilskottet definert som leirskoleopplæring ved bemanna leirskole eller annan aktivitet med ei varigheit på minst tre overnattingar i samanheng. Tilskottsordninga skal bidra til å dekke utgifter kommunane har til leirskoleopplæring ved leirskoleopphald. Kommunane har ansvaret for å finansiere sjølve leirskoleopphaldet.

Frå 2018 er det Utdanningsdirektoratet som reknar ut og utbetaler tilskottet for å frigjere administrative ressursar hos fylkesmannen og i kommunane.

Mål for 2019

Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Rapport for 2017

Rapporteringa frå fylkesmennene viser at det i 2017 blei innvilga tilskott til leirskoleopplæring for i alt 52 060 grunnskoleelevar. Dette utgjer om lag åtte pst. av gjennomsnittleg elevtal i kommunale og fylkeskommunale grunnskolar for skoleåra 2016–17 og 2017–18. Sidan grunnskolen omfattar ti årstrinn, er det eit mål for tilskottsordninga at om lag ti pst. av elevane drar på leirskole kvart år. Rapporteringa frå fylkesmennene gir grunn til å tru at dei fleste, men ikkje alle, elevane får eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Nokre av fylkesmennene opplyser om at det er kommunar i fylket som ikkje sender elevar på leirskole.

Stortinget har fatta eit oppmodingsvedtak som gjeld minoritetselevar og deltaking på overnattingsturar i regi av skolen, jf. omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 480, 11. februar 2016, stortingssesjon 2015–16. Departementet har gitt oppdrag i tildelingsbrevet for 2018 til Utdanningsdirektoratet om å innhente kunnskap om utfordringsbiletet og vurdere tiltak når det gjeld denne problemstillinga. Det manglar formell rapportering om omfanget av problemet, og det vil derfor bli stilt spørsmål om utfordringsbiletet og behovet for støttemateriell om overnattingsturar i Spørsmål til Skole-Norge hausten 2018. På bakgrunn av kunnskapsinnhentinga skal direktoratet vurdere om det bør bli utarbeidd støttemateriell, eventuelt på fleire språk, for god dialog mellom skole og heim om overnattingsturar.

Budsjettforslag for 2019

Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på posten på same nivå som i 2018.

Post: 66
Nemning: Tilskott til leirskoleopplæring
Rekneskap 2017: 48 166,-
Saldert budsjett 2018: 52 863,-
Forslag 2019: 54 343,-

Gå tilbake til oversikten