Fagdag på Litteraturhuset torsdag 26. januar 2017

Publisert: 28.01.2017

Tema: Fleirkulturelt friluftsliv

Arrangør: Norsk Friluftsliv

Mette Evensen, Trond Setlo og Liv Berit Romtveit deltok frå Norsk Leirskuleforening.

Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv ynskte velkomen.

Tonje Refseth, prosjekleiar i Norsk Friluftsliv informerte litt om Norsk Friluftsliv si satsning på fleirkulturelt friluftsliv. Norsk Friluftsliv har på nettsida si, ein eigen fane som heiter flerkulturelt friluftsliv.

Warsame Ali frå NAKMI(Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse) fortolde om innvandring i Noreg (historikk, status, helseutfordringar osv.). Han presenterte også ein forskningsrapport for Norsk Friluftsliv om ulike innvandrargruppers haldningar til, kunnskap om og deltaking i friluftslivet. 40% av innvandrarane har budd i Noreg i mindre enn 4 år. Dei har lite kunnskap om korleis landet fungerar, norsk språk, samfunn, lovar, reglar og dei kjenner lite til ulike frivillige organisasjonar. Mangel på nettverk kan vera ein nøkkel til kvifor ikkje fleire innvandrarar er meir aktive i utandørsaktivitetar.

Hogne Øian frå NINA(Norsk institutt for naturforskning) snakka om utviklingstrekk i friluftsliv. Korleis kan inntekt, utdanning og minoritetsbakgrunn forklare skilnadar i deltaking? Han viste at dei med høg inntekt og utdanning er meir aktive, jamt over, men dei er også «flinkast» til å overrapportere sin eigen aktivitet, så skilnaden er ikkje veldig stor på fotturar og skiturar.Skilanden er størst på alpint. Innvandrarar deltek mindre. Dei kjenner ikkje til norsk friluftsliv og norsk natur. Dei er ikkje vant til å vera i naturen utan konkrete mål som hausting eller sosialt samvær(piknik). Mange har ei forestilling om at natur er farleg, til dømes ville dyr og ånder. Dei er uvant med klima og ein har religiøse og/eller kulturelle normer(kvinner får ikkje lov til å gå ut åleine).

Frå Røde Kors var Sidsel Hansen Persson, seniorrådgiver migrasjon og flerkulturelt arbeid og Gurvir Singh Grewal, frivillighetskoordinator, Akershus Røde Kors. Dei fortolde om deira erfaringar med å velge dei «rette» orda for å motivere fleire til å delta i vårt mangfold av friluftsliv i Noreg. Ord, begrep og kulturforståing. Kva er gode sko? «Hugs riktig utstyr…», «Ut på tur aldri sur». Deira erfaring var at det er viktig å forklare nytteverdien av å vera i naturen, at det er helsefremjande og at ein kan lære seg å vera trygg, til dømes ved og i vatn.

Til slutt fortolde Fahim Naeem frå Pakistansk Kulturforening og Mithat Dogan frå EMI(Enhet for Mangfold og Integrering) kva dei gjer og korleis dei jobbar for å få fleire innvandrarar me på utandørsaktivitetar. Deira råd var å ta kontakt med minoritetsmiljø, delta på deira aktivitetar for å fortelje om tur og friluftsaktivitetar, ikkje sett for høge mål, MAT på deira premiss og ha informasjonsmateriell på mest mogleg «lett norsk» og i noko grad på fleire språk.

Gå tilbake til oversikten