Direktoratets rundskriv og departementets budsjettkommentarer bygger på den utgåtte forskriften nedenfor. Den er et resultat av en utviklingsprosess, hvor også NLF var en viktig premissleverandør.
Forskrifter for leirskolevirksomhet gikk sammen med flere andre forskrifter ut ved innføringen av ny opplæringslov.
Dagens leirskoleordning er videreført innenfor det rammeverk forskriften setter. Intensjonen er den samme, uten at den for øvrig er oppdatert.
Innholdet beskrives i årlige brev fra Utdanningsdirektoratet.
NLF har jobbet systematisk og målrettet for lovfesting av leirskole. Gjennombruddet kom våren 2019, når Stortinget den 11. juni vedtok en ny pragraf i Opplæringsloven, §13-7b, som sikrer at leirskole ikke lenger kan settes på kommunens kuttliste. Nå er loven viderført i den nye Opplæringslova §4-6
Leirskole er grunnskoleundervisning lagd til ein stad der miljøet skil seg frå elevane sitt heimemiljø. Eit leirskoleopphald skal ha minst 3 overnattingar. Undervisninga kan leggjast til ein stad der lærarane, elevane og foreldra sjølve står for opplegget (sjølbergingsopphald, ubemanna leirskole), eller til ein leirskole med pedagogisk bemanning.
Ein del av undervisninga kan etter lov om grunnskolen paragraf 7 nr. 3 givast som leirskole. Det spesielle med leirskoleundervisninga er å gi elevane høve til å lære andre miljø å kjenne, til sosialt samvær og til opplevingar av ein annan art enn i heimemiljøet. Leirskolen skal vere eit tilbod til alle elevgrupper.
Staten gir 100% tilskott til eitt leirskoleopphald pr. klasse på inntil ei veke i løpet av grunnskolen etter ein kostnads-faktor pr. time. Stortinget fastset kostnadsfaktoren. Det kan søkjast refusjon for inntil 37 timar pr. veke (full veke). Tilskottet vert utbetalt til heimkommunane for dei klassane som har vore på leirskole, kvart år avgrensa oppover til 1/9 av alle klassane i kommunen. For skolar som får tilskott etter lov om tilskott til private grunnskolar m.v. er kostnadene til leirskoleopphald rekna inn i tilskottsgrunnlaget.
Bygningane må vere lagde til rette for funksjonhemma, og dei må vere godkjende av brannvesenet og helsestellet i kommunen
Medfølgjande lærar har ansvaret for undervisningsopplegget og undervisninga ved leirskole der foreldra, elevane og lærarane saman står for opplegget. Ein må sørgje for elevane sin tryggleik under heile opp-haldet. Utanom undervisningstida må ein vaksen til kvar tid ha hovudansvaret for tilsyn med elevane
Det pedagogiske personalet skal ha godkjend lærarutdanning og vere tilsett i vertskommunen. I tillegg kan det innanfor rammetimetallet tilsetjast instruktør/assistent. Det pedagogiske personalet ved leirskolen er ansvarleg for det pedagogiske opplegget. Ein av leirskolelærarane må ha eit pedagogisk-administrativt ansvar. Leirskoleeigaren er ansvarleg for tilsynsopplegget (omfang, tidspunkt og ansvar). Ein må sørgje for elevane sin tryggleik under heile opphaldet. Leirskolen pliktar å gjere opplegget kjent før klassar tingar plass. Medfølgjande lærar skal ta del i undervisninga og tilsynet med elevane. Leirskoleeigaren og vertskommunen må regulere samarbeidet gjennom avtale. Minste rammetimetall er 37 timar pr. veke pr. klasse, jfr. prgr. 3.
Forskrift om grunnskolen prgr. 3-1 nr. 1 andre ledd vert oppheva. § 8 – Iverksetjing Reglane her gjeld frå og med 1. august 1993.