S/J Mathilde er arena for det som kanskje er ei av dei minste leirskulane i Noreg. Me har om lag 160 elevar i året. Leirskoledrifta er ein svært viktig del av formidlingstilbodet til Hardanger og Voss museum, som eiger Mathilde.
Den gamle hekksbåten vart bygd samtidig som Mathilde vart restaurert på 1980-talet, og har vore ein trufast følgesven på alle leirskulane Mathilde har hatt i snart 40 år. Den har vore teken godt vare på, men no var me klare for ei oppgradering:
Kjølen vart strekt våren 2026,
som ein del av fagprøva til lærlingen
i småbåtbyggjar-faget.
Me syns det er spesielt kjekt at båten –
som skal brukast til ro-opplæring i
leirskulesamanheng –
vert til i ein læringssituasjon.
Det har vore jobba på båten
kontinuerleg i
gjennom sommaren og hausten
2026 var båten omsider ferdig!
Screenshot
Båten er tilpassa bruken, med ekstra
forsterkingar slik at den kan festes og
dras opp på hekken til Mathilde.
Den er klinkbygd, og går dermed inn i en
tusenårig lang båtbyggertradisjon.
Me ser fram til å lære nye leirskulelever
å ro i takt om bord i den nye,
flotte båten!
Me vil rette ei stor takk til
Norsk leirskuleforeining og
Sparebankstiftinga DNB
for støtte til prosjektet.