Voss leirskule

Generell beskrivelse av skolen:

Voss Leirskule held til ved Voss Vandrarheim som ein finn like ved Vangsvatnet ca 700 m frå tog- og busstasjonen og 1 km frå Voss sentrum. Voss er ei jordbruksbygd og er kjend for sitt gode idrettsmiljø. Vossabygda har lange skitradisjonar og har i tillegg bygd opp eit sterkt miljø rundt ulike ekstremsportar som til dømes rafting, fallskjermhopping og paragliding m.fl.
Voss Leirskule ynskjer å bygge vidare på desse tradisjonane i vårt   leirskuletilbod.

På vinteren står skiundervisning og skileik på programmet.

I vår- og   haustprogrammet er fysisk aktivitet, friluftsliv, økologisk   landbruk, geologi og historie i fokus.
Vandrarheimen er eit svært godt utangspunkt for å drive med utandørsaktivitetar både på vatnet og til fjells. Og medan dei bur hjå oss kan elevane fritt nytte bordtennisbord, biljarbord, utandørs ballbane og dei flotte uteareala i si fritid.

Vandrarheimen har eit nært samarbeid med Finnegarden finnegarden.no som sel økologisk frukt og grønsaker. Me nytter råvarer herfrå til vår frukostbuffet der ein finn blant anna speltbrød, frisk frukt og økologiske egg.

Tilbod

I vår- og   haustprogrammet vil elevane få læra meir om ulike tema. I løpet av veka skal du få utfordringar i klatreparken.
Muligheiter for å fly i vindtunell! (Ekstra betaling for dette, men spesialpris!)   http://vossvind.no/
Drive økologisk jordbruk (frå jord til bord). Smaksprøvar av typisk Vossamat.
Fjelltur i fantastiske omgjevnader med innlagte utfordringar.
Me ser Voss i 4 årstider i kulturhuset.
Kanotur på Vangsvatnet og tur til Bordalsgjelet.
Besøk på Mølstertunet. (frå 1500 – talet)
Orientering og bruk av kart på land og vatn.

Vinterprogram:

I løpet av veka får du opp mot 20 timar instruksjon/veiledning i alpint og turski / langrenn. Me held til i anlegget til Voss Resort, der du får øve deg på ditt nivå, samt ein turdag m /skileik og ulike utfordringar på vegen.
Me lærer deg om fjellvet  og skredlære,
rasteteknikk med bygging av leskjerm , enkle snøholer og driv skileik.
Me ser Voss i 4 årstider i kulturhuset!
Andre vinteraktivitetar som aking, skøyter m.m

Muligheit for å besøkje andre kulturskattar i Vossabygda.

Me er fleksible på vekeprogrammet og kan strekkje oss langt i å lage opplegg som passar for dykkar klasse!

VELKOMNE TIL VOSS!

  • Voss Leirskule har våken nattevakt.
  • Kapasitet: 2 klassar måndag til fredag.
  • Styrar: Knut Finne
  • Pedagogisk leiing v/ Voss kommune
    Leirskolelærer Agnete Økland
  • Påmelding: Voss Vandrarheim

Gå tilbake til alle leirskoler