UWC Leirskule er ein del av UWC Red Cross Nordic, ein internasjonal vidaregåande skule med 200 elevar frå 90 ulike land. Leirskulen ligg vakkert plassert ved ei bukt ca cirka 150 km nord for Bergen og 55 km vest for Førde.
UWC Leirskule ynskjer, gjennom eit godt tilrettelagd og variert vekeprogram og engasjerte instruktørar, og skape felles opplevingar som fremjar humanitære verdiar.
Programmet fokuserer på å utvikle respekt og omtanke for kvarandre og å auke medviten og kunnskapar om andre kulturar, språk og levesett såvel som om norsk natur, kultur og tradisjonar. Aktivitetane byr òg på moglegheiter for å utfordre eigne grenser under trygge forhold. Vi set tryggleik og høg kvalitet som krav til all undervisning.
I mange av aktivitetane vil UWC elevar saman med ein vaksen person fungere som instruktørar og engelsk blir brukt som undervisningsspråk i desse aktivitetane.
Programmet vårt er veldig variert og innhaldsrikt, og vi held på frå morgon til kveld med ulike aktivitetar. Dagen er delt inn i tre økter med eit formiddags-, eit ettermiddags- og eit kveldsprogram. Hovudvekta ligg på ulike friluftsaktivitetar, slik som klatring, kajakkpadling, utekjøkken, bogeskyting, bush craft og kanopadling. Men også handverk, drama, dans, musikk, samt bading i bassenget, ein utfluktsdag og ei felles avslutning er del av eit leirskuleopphald hos oss.
For meir informasjon om aktivitetstilbodet, sjå nettsida vår.
Kapasitet: inntil 80 elevar.
Sesongen: mars – medio november
Aldersgruppe: Vi tilrettelegg undervisningsprogrammet vårt etter behov og det eignar seg for alle klassetrinn frå 6.-10. klasse.
For deg som har lyst til å delta på ein spanande leirskule i eit internasjonalt miljø.