Stryn leirskule

Generell beskrivelse av leirskolen:

Stryn Leirskule ligg i naturskjønne omgjevnader på Nordfjord Fritidssenter utanfor Stryn sentrum.
Omringa av fjell, langrennsløyper, hoppbakkar, elvar og fjellvatn er det enkelt å finne utfordringar og få meistringsopplevingar.
Tilknytt leirskulen har vi laga ein villmarksleir med gapahuk og grillplass. Hos oss skal alle bli møtt med respekt og likeverd.
Våre erfarne lærarar er opptekne av tryggleik og viser omsorg og engasjement for elevane.
Frå frukost til kvelds er det minst ein tilsett frå leirskulen tilgjengeleg.

Program haust og vår:

  • Måndag:  Ankomst kl. 12.00. Bli kjent-leikar, pil og bueskyting og opplæring i kart og kompass.
  • Tysdag:    Survive. Elevane samarbeidar i grupper og finn postar ved hjelp av kart og kompass, reknar tid, lager mat ute og løyser ulike oppgåver.
  • Onsdag:  Hydlaparken. I Hydlaparken kan du leike deg i klatreløyper
    mellom tretoppane og hyle deg gjennom zip-lines. Dei tøffaste kan hoppe
    frå Hydlaspranget som rager 15 meter over bakken.
    Her er det utfordringar for ein kvar smak!
    På kvelden blir det tur til villmarksleiren med grilling og moglegheit
    for å sove ute, for dei som vil det.
  • Torsdag: Farmen. Vi lev på gamlemåten. Vi starter dagen med ei historisk
    reise og konsert. Videre får elevene prøvd å separere mjølk, lage mat i
    steinomn, smi jern i smia og padle kajakk.
    Vi avsluttar farmen-dagen med å ete sjølvlaga steinomnspizza.
  • Fredag: Aking i hoppbakkane med plastdekke. Dette er ei fartsfylt avslutning på veka. Heimreise kl. 12.00.

Vinter:

  • Måndag:  Ankomst kl. 12.00. Bli kjent-leikar og skiteknikk.
  • Tysdag:    Survive. Elevane samarbeidar i grupper og finn postar ved hjelp av kart og kompass, reknar tid, lager mat ute og løyser ulike oppgåver.
  • Onsdag:   Winter Games på hoppsletta. Det er musikk på anlegget, felles innmarsj og oppvarming.
    Det blir leikar og konkurransar som vil utfordre balanse, samarbeid, tøffheit, koordinasjon og ikkje minst lattermusklane.
  • Torsdag:  Topptur til Bergsetnakkjen eller langrennstur til Nåsakleiva. Fantastiske turar med flott utsikt og god stemning. Overnatting i villmarksleiren for dei som vil det.
  • Fredag: Aktivitetar ute før heimreise kl. 12.00.

 

 

Kapasitet:    Ca 70 sengeplassar

Sesongar:     Vår, haust og vinter

Tilgjengelegheit: Ca 20 minutt utanfor Stryn sentrum

Gå tilbake til alle leirskoler