Leirskolehagen på Jonatunet med plass til lek og moro
Jondal Leirskule ligg i nasjonalparkbyen Jondal i Hardanger, og er stoppestad for ekspressbussane mellom Oslo og Bergen.
Frå Jondal Leirskule er det lett tilgang til flotte til fotturar. Du finn ei rekke aktivitetsmoglegheiter som bading og fiske eller ro ein tradisjonell gamal robåt i tre.
Jondal Leirskule disponerer det freda Jonatunet, eit tidlegare tuberkulose sanatorium frå 1934.
Det er angavstand til friområde med badeplass, sandvolleyballbane og kommunal badstu, og sentralt i høve til turstiar og dagsturhytte.
Jondal Leirskule er eigd av Hardangerakademiet, Nordisk Senter for fred,
utvikling og miljø, med primærmål å driva fredsarbeid på alle plan, i
heimen, vener, i skuleklassen eller mellom land og regionar.
Verda sin Fredsorganisasjon FN har satt fokus på dei mest sentrale
utfordringane og peikar ut tre store mål, – FRED, UTVIKLING og MILJØ.
Jondal Leirskule ynskjer fokus på fredeleg konflikthandtering, rettferdig
utvikling og bærekraftig bruk av naturressursar.
Jondal; nasjonalparkbyen i Hardanger.
Kanotur på fjorden.
Målet er at det ein lærer og opplever under oppholdet kan vidareførast
heime, på skulen og i livet generelt.
Fokus på meistring, samhald, nærvær og lagbygging – læring for livet!
Leirskulen tilretteleggjer for at alle skal få ei så god oppleving som mogleg.
Når det gjeld program, meny og sosiale omsyn tilpassas dette i dialog med besøksskulen.
Vårt programtilbod og aktivitetar me kan tilretteleggje for:
– Naturnærvær som klatring/buldring/turdag/spikking/ stille observasjon i
naturen.
– Vatn og sjøaktivitetar som kanopadling/roing/fisking/sanking/bading.
– Miljøhandlingar som f.eks. strandryddig og anna restaurering av natur/
tilrettjelegging for ville dyr og insekter.
– Besøk på Viketunet i Jondal, ein gamal lensmannsgard.
– Fysiske aktivitetar som
yoga/fotball/bordtennis/volleyball/natursti/orientering/ bading
/frisbeegolf/fiske/m.m.
– Aktivitetar knytt til klima og miljøarbeid.
Rotur med klinkbygd tradisjonsbåt, en byggeskikk som står på UNESCOs verdensarvliste.
Flott utsyn på fottur.
Telefon: 92085054
Mail: post@jondal-leirskule.no
Opphald: 4 netter; frå mandag til fredag
Driftssesong: Vår og haust
Kapasitet: 2 klassar, inntil 70 sengeplassar
Sandvolleyball, leik og moro på stranda.
Bading i fjorden.