Hardangertun leirskule

Generell beskrivelse av skulen:

Hardangertun leirskule ligg mellom fjord og fjell i Kinsarvik i Hardanger. Me har som mål at elevane skal få ei stor dose positive naturopplevingar. Me ynskjer å fremja trivsel og læring gjennom lystbetonte aktivitetar. Elevane bur i dei flotte hyttene våre, og det er stort fokus på samarbeid både på hyttene og i aktivitetane.

Se FILM fra leirskulen

Emne på leirskulen:

Fjellklatring på stegbøylar i loddrett fjell, løypetur på dobbel stålvaier, orientering, bogeskyting og natursti, kanopadling på Hardangerfjorden, fiske og sjøvet, luftgeværskyting, tur i Husedalen m/fire flotte fossefall.

Fritidsaktivitetar

Utandørs oppvarma badebasseng, badstove, bordtennis, fotball, basketball, volleyball og badminton. Me har 4 ulike gjestestover som er nytta til undervisning, sosialt samvær og diskotek.

Leirskulen har tilsett badevakt og nattevakt.

  • Leirskuleleiar/eigar: Dag Instanes
  • Pedagogisk leiing: Ullensvang oppvekst og kulturkontor i samarbeid med eigar.
  • Leirskulesesong: vår og haust.
  • Kapasitet: 200 sengeplassar fordelt på 27 hytter.
  • Vanleg opphald: sundag-fredag

Gå tilbake til alle leirskoler