Bjørnsund leirskule ligg på Nordre Bjørnsund, ei lita øy ut på Hustadvika. Storhavet er vår nærmaste nabo.
Fiskeværet er avfolka, men husa og tradisjonane er i godt hevd.
Undervisninga er retta mot kystkultur, lokalhistorie og biologi.
Elevane deltek på praktiske aktivitetar i eit autentisk og ekte miljø.
Dei får ro-opplæring og blir trygge i båt, får prøve seg som fiskarar og set krabbeteiner og garn.
Fangsten sløyer elevane sjølv, og den blir servert til middag av kokkane våre.
Undervisninga er stort sett utandørs og handlar om naturlege arbeidsoppgåver, der samarbeid ofte er eit stikkord.
Også i fritida har elevane tilgang på tradisjonelle robåtar og mykje utstyr,
så dei også da kan utforske miljøet på eige hand.
Av organiserte aktivitetar kan vi nemne roing, havfiske, fjæreekskursjon,
garn og teinesetting, sjøvett, fyrtur og mykje meir.
Vi tilpassar opplegget etter veret og gruppa.
Bjørnsund leirskule har eit veletablert program og er kjent for å ha
eit svært godt kjøken.
Eier: Hustadvika kommune
Driftssesong: Mars – november
Varighet: Mandag – fredag
Kapasitet: 90 elevar