Invitere innvandrerforeldre på leirskolebesøk?

Publisert: 21.05.2016

Nettverksbygging og flerkulturelt friluftsliv

Nettverkskonferanse 2016 arrangert av Norsk Friluftsliv, Oslo 12. mai 2016

Frå Norsk Leirskoleforening var Elisabeth Mellbye og Liv Berit Romtveit med som deltakarar.

Generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Lasse Heimdal ynskte velkomen og presenterte Kaweh Almassy Sharam Kalifeh frå «Drømmeturen» på Nrk som konferansens konferansierar.
Frivillige organisasjonar var framme og fortolde kva dei gjorde for å integrere fleirkulturelle inn i friluftslivet, og kva som er utfordringane. Nedanfor er kort oppsummert noko av det som kom fram i løpet av dagen

– Fokus på enkelt friluftsliv og at terskelen må senkast.

– Barn og unge er dei beste ambassadørane for å lokke med seg foreldre og anna familie ut.

– Naturen som integreringsarena var uvurderleg.

– Som frivillig organisasjon når ein ikkje alle på fritida, så det er viktig ha friluftsliv i skuletida.

– Nokre unngår å vera med på det ukjente og skumle.

– Mange har kome til Noreg på flukt frå land i krig. Dei har lært og erfart at fjellet og skogen er farleg.

– Det er meiningslaust å gå på tur for å gå på tur.

– Nokre følar at det ikkje er noko meining i å ha ein fjelltopp som eit mål.

– Fleire leirskular har klasser hjå seg der det er stort fråfall av fleirkulturelle elevar.

– Tonje Refseth i Norsk Friluftsliv hadde ein tanke om at det å invitere foreldre til ein leirskule kan vera eit godt verkemiddel for å unngå fråfall.

– Foreldra treng å vita at dei sender barna sine til ein trygg stad på fjellet, i skogen eller ved kysten.

– Kontakte lærarar på gjeldande skule, og desse kan vidare kontakte foreldre til gjeldande klasse. Det kan også vera god nytte i å få dei foreldra som ynskjer det, til å snakke med andre foreldre.

– Foreldra må føle at dei er med for eit felles mål og at det er tillit. Har leirskulen moglegheit til å ta i mot foreldre på leirskulen ein dag eller med ei overnatting, vil detta ufarlegjera og auke kunnskapen

– Kontakte FAU, ein fleirkulturell organisasjon og/ eller Norsk Friluftsliv, som kan knytte til andre kontaktar.

– Kontaktar ein Norsk Friluftsliv, kan det også vera mogleg å skaffe økonomiske midlar til dette.

– Viktig å auke kunnskapen og ufarleggjera naturen for foreldra.

– Laga ein film frå leirskulen som kan brukast på besøksskulane.

– Elisabeth la fram forslag om å besøke ein leirskule. Dette vart tekje godt i mot, og nemnt fleire gonger, mellom anna av Lasse Heimdal som stod for oppsummeringa av gruppearbeidet.

Rapport v/ Liv Berit

Gå tilbake til oversikten