Tilsette: Elisabeth Mellbye saman med nokon av sine tilsette og flinke medhjelparar. Foto: Bjørn Karsrud
Av Bjørn Karsrud
Publisert:26. mars 2019, kl. 17:30
Brennabu Leirskole er miljøsertifisert – som den fyrste bedrifta i Vestre Slidre.
Vaset: – Brennabu Leirskole er meir enn eit miljøfyrtårn. Det er ein bauta på Vaset og i Vestre Slidre kommune, sa varaordførar Haldor Ødegård då hantysdag overrekte skiltet som viser at bedrifta er sertifisert som Miljøfyrtårn. For å kvalifisere til dette må ei bedrift oppfylle bestemte krav til helse, miljø og sikkerheit.
Ødegård minte om at Brennabu Leirskole er den største leirskulen i landet og viste samtidig til at Brennabu er den fyrste bedrifta som er miljøsertifisert i Vestre Slidre.
Ødegård peika på meldinga frå den nyleg avhaldne teknologidagen om at framtida er sterkt digital, men meinte at læring om naturen ute i naturen er svært viktig for unge menneske.
Ødegård minte også om at forslaget om lovfesta leirkule snart skal opp i Stortinget.
– Eg håpar sterkt at Stortinget går inn for lovfesta leirskule over fire dagar, sa Ødegård i samband med overrekkinga av fyrtårnskiltet.
Miljøsertifisør: Olle Rosendal (t. v.) har vore miljøsertifisør og kunne saman med dagleg leiar Elisabeth Mellbye og varordførar Haldor Ødegård glede seg overf at Brennabu Leirskole som leirskule nummer to i landet er sertifisert som miljøfyrtårn. Foto: Bjørn Karsrud
Miljøsertifisør: Olle Rosendal (t. v.) har vore miljøsertifisør og kunne saman med dagleg leiar Elisabeth Mellbye og varordførar Haldor Ødegård glede seg overf at Brennabu Leirskole som leirskule nummer to i landet er sertifisert som miljøfyrtårn. Foto: Bjørn Karsrud
Miljøsertifisør Olle Rosendal var også til stades. Han oppdaga alt då han for nokre år sidan var leiar for Valdres kommunale renovasjon at Brennabu Leirskole tok miljøet på alvor. Som ei av dei fyrste bedriftene starta dei med miljøsortering og fekk oppretta sin eigen miljøstasjon.
– Det var imponerande. De er pionerar, sa Rosendal.
– Dette har vore eit løft for oss. Det har vore mange ting som skulle dokumenterast for å oppnå sertifisering. Men samtidig er dette viktig også fordi leirskulen representerer ein bransje som skal vera ein rollemodell. Eg vil prøve å stimulere fleire leirskular til å gjera det same, seier Elisabeth Mellbye.
Ho viser til at ho no vil laga gode rutinar saman med sine flinke medarbeidarar. Bedrifta er elles i gang med eit prosjekt for å redusere matsvinnet, og håpet er også finne eit system som gjer at dei kan gjenbruke sin eigen kompost i staden for å kjøre han til VKR.
Tilsette: Elisabeth Mellbye saman med nokon av sine tilsette og flinke medhjelparar. Foto: Bjørn Karsrud
Tilsette: Elisabeth Mellbye saman med nokon av sine tilsette og flinke medhjelparar. Foto: Bjørn Karsrud
I samband med miljøfyrtårnprosjektet har det vore sett ned ei arbeidsgruppe som har bestått av Elisabeth Mellbye, Christian Mo Johansson, Arnhildur Ytredal Nythun og miljøkonsulent Erik Berg.
Brennabu Leirskole vart starta i 1955. På leirskulen arbeider det 22 tilsette. 15 tilhøyrer bedriftsdelen, mens sju er pedagogisk personell som sorterer under Vestre Slidre kommune. Brennabu Leirskole AS har ei omsetning på 13,5 millionar kroner, tek imot opp mot 120 elevar kvar veke i skuleåret, det vil seia 4.000 elevar i løpet av eit heilt år. I helger og feriar tek dei imot grupper, for eksempel skigrupper, i tillegg til at det blir arrangert bryllaup og jubileum på staden.