40 år med naturglede, meistring og fellesskap – Gullingen leirskule inviterer til jubileumsfeiring

Publisert: 08.08.2026

I august 1986 tok Gullingen leirskule i mot dei første elevane. No er det gått 40 år, og me på leirskulen har hatt gleda av å ta med nærare 75.000 elevar ut i naturen under Gullingen sidan den gongen.

Målet vårt har eigentleg ikkje endra seg mykje sidan me starta med leirskulen i 1986. Me ønskjer å gje dei gode naturopplevingar og god læring i og om naturen, gjennom det enkle tradisjonelle friluftslivet.

Ei veke på leirskulen gir felles naturglede, og stor livsmeistring i det sosiale samspelet gjennom opphaldet.

Og leirskule-veka er viktigare enn nokon gong og ei motvekt til vår digitaliserte verd.

Les pressemeldingen HER: PRESSEMELDING – Gullingen leirskule 40 år

Fra pressemeldingen:

Laurdag 15. august 2026 markerer Gullingen leirskule 40 år som ein av Rogaland sine viktigaste arenaer for leirskule og friluftsliv. Jubileet blir feira med ein open familiedag på Gullingen, og jubileumsmiddag på Ryfylke Fjordhotell om kvelden. Samstundes ønskjer leirskulen å løfte fram verdiane som har prega verksemda heilt sidan starten: Det enkle friluftslivet, gode naturopplevingar, meistring, glede og samhald.

I ei tid der mykje av kvardagen til barn og unge er prega av skjermar og høgt tempo, har Gullingen leirskule halde fast ved noko av det mest grunnleggjande i norsk tradisjon: å bruke naturen som læringsarena.

Her handlar det ikkje om avansert utstyr eller spektakulære prestasjonar. Her handlar det om å fyre opp eit bål, gå ein tur på fjellet, lage mat ute, kjenne den friske fjellufta og oppleve meistring og naturglede saman med andre.

 

– Me ønskjer at elevane skal oppleve kor lite som eigentleg skal til for å skape dei store og djupe opplevingane. Naturen er den beste arenaen for å byggje vennskap, lære samarbeid og oppleve meistring. Difor er det enkle friluftslivet framleis kjernen i det me gjer.

Sidan oppstarten i 1986 har nærare 75.000 elevar frå Rogaland og Sunnhordaland besøkt Gullingen. For mange er leirskuleveka eit minne dei tek med seg resten av livet – den første fjellturen, bålkvelden, bekkevandringa eller kjensla av å klare noko dei ikkje trudde var mogleg.

Laurdag 15. august inviterer Gullingen leirskule til open familiedag frå klokka 11.00 til 14.00. Heile området blir fylt med aktivitetar for både små og store: bingo-orientering, Gullingen-leikar, naturquiz, pinnebrødbaking på bålet, omvisingar, guida turar og biletkavalkade frå 40 år med leirskulehistorie.

 

Om kvelden held feiringa fram med jubileumsmiddag på Ryfylke Fjordhotell med lokale mattradisjonar, historiske tilbakeblikk, talar og musikalske innslag.

Når Gullingen leirskule no markerer 40 år, handlar det ikkje berre om å feire historia. Det handlar om å løfte fram verdiar som kanskje er viktigare enn nokon gong: Verdien av å vere ute, vere saman, kjenne meistring og oppleve at naturen er ein stad der alle høyrer til.

For fire tiår sidan vart Gullingen leirskule etablert med eit ønske om å gi barn og unge opplevingar dei kunne ta med seg vidare i livet. Etter 40 år er ambisjonen den same: Gode naturopplevingar gjennom det enkle friluftsliv, samt glede, samhald, og livsmeistring.

40-års jubileet feires lørdag 15. august med en rekke aktiviteter på Gullingen.

Gå tilbake til oversikten