UWC leirskule

 38-UWC

 
6968 Flekke
Telefon:
57737007
Mobil:
41632166
E-mail: leirskule@staff.rcnuwc.no
Web: http://www.leirskule.no
Kontaktperson: Joakim Janninge

 

Generell beskrivelse av skolen:

UWC Leirskule er en del av UWC Red Cross Nordic, en internasjonal vidaregåande skule med 200 elevar frå omtrent 90 ulike land. Leirskulen ligg cirka 150 km nord for Bergen og 55km vest for Førde.
UWC Leirskule ønskjer, gjennom eit godt tilrettelagd og variert vekeprogram og engasjerte instruktørar, å skape felles opplevingar som fremjar humanitære verdiar.
Programmet fokuserer på å utvikle respekt og omtanke for kvarandre og å auke medviten og kunnskapar om andre kulturar, språk og levesett såvel som om norsk natur, kultur og tradisjonar. Aktivitetane byr òg på moglegheiter for å utfordre eigne grenser under trygge forhold. Vi set stor tryggleik og høg kvalitet som krav til all undervisning.

I mange av aktivitetane vil UWC elevar saman med ein vaksen person fungere som instruktørar og engelske brukas som undervisnings språk i desse aktivitetane.

Programmet vårt er veldig variert. Vi deler dagen inn i tre økter med eit formiddags-, eit ettermiddags- og eit kveldsprogram. Hovudvekta ligg på ulike friluftsaktivitetar, så som klatring, kajakkpadling, bogeskyting, orientering, snorkling og kanopadling. Men også handverk, matlaging, drama, dans, musikk, samt bading i bassenget, ein utfluktsdag og ein felles avslutning er del av eit leirskoleopphald på skulen vår.

For meir informasjon om aktivitetstilbodet, sjå nettsida www.leirskule.no

Leirskulen har ein kapasitet på inntil 70 elevar.
Sesongen varer frå byrjinga av april til andre veka i juni og frå slutten av august til slutten av oktober.
Eit leirskuleopphald varer vanlegvis i fire døgn, frå måndag føremiddag til fredag føremiddag.
Kortare opphald kan arrangerast etter avtale.
Vi tilrettelegg undervisningsprogrammet vårt etter behov og det eignar seg for alle klassetrinn frå 6.-10. klasse.

For deg som har lyst til å delta på ein spanande leirskule i eit internasjonalt miljø.