Kringsjå leirskule

 

 
5850 Balestrand  
   
Telefon:
57691303
 
Faks:
57691670
 
E-mail:

kringsja@kringsja.no
 
Web: http://www.kringsja.no  
Kontaktperson Bjørn Skanke Sande

 

Generell beskrivelse av skolen:

Balestrand ligg midtvegs i Sognefjorden og leirskulen er plassert ved utløpet av den idylliske Esefjorden. Her er det ofte stilt sjølv om det blæs storm på kysten.

Kringsjå leirskule har vore i drift sidan 1980. Dei siste åra har vi investert 4 mill kroner i eit nytt marint fjordsenter, Sognefjord Akvarium.

Vi har fått eit vinterisolert og moderne undervisningsbygg med mykje utstyr. Dette gjer at vi kan gjennomføre opplegget sjølv om vêret er dårleg. Akvariet er under kontinuerleg oppbygging og elevane er med å fange fisk, dyr og planter til dei mange utstillingane.

Aktiviteter

Før opphaldet sender vi ut eit temahefte som elevane bør setje seg inn i.
På leirskulen gjer vi praktiske studiar for å auke kunnskapen om det marine livet. Vi samlar inn alger i fjøra og ser på plankton i mikroskop.
For å fange yngel og småfisk brukar vi trål i strandsona, på litt djupare vatn: ruser og garn.
Djupvassfiskar som held til på 1000 meter får vi på line.
Vi har robåtar og kanoar, og Colin Archer skøyta ‘Vindreken’ er base når vi er på fiske og tek turar på Sognefjorden.

Med fangsten lagar kvar klasse sitt eige økosystem i ein fiskekum ute på moloen.
Notatane i arbeidsheftet kan gje grunnlag for etterarbeid på heimeskulen.

Vi har eit variert undervisningsopplegg.
Sjølv om det ikkje vert blink kvar gong, er det moro å prøve ein skikkeleg boge.
Fjellklatring har vorte ein populær sport. Nær bergveggen vi nyttar til klatring har skogbruksetaten laga ein artig natursti som elevane brukar.

Kringsjå er hotell om sommaren – leirskule vår og haust. Alle soveromma har dusj/toalett, og vi har mange opphaldsrom.
I andre høgda finn ein matsal med utsikt over fjorden, romsleg peisestove, tv-rom og nytt tørke/vaskerom.
I første høgda er der eit stort aktivitetsrom med mange ulike spel og diskotek.

Eigarar: Solveig og Bjørn Skanke Sande

Kapasitet: 2-3 klassar