Hardanger maritime leirskule – «Mathilde»

Mathilde 1

 

Postboks 53, 5601 Norheimsund

Epost: fartoyvern@hvm.museum.no

Tlf: 474 79 839

Mobil Mathilde: 990 97 978

Web: http://fartoyvern.no/fartoey-og-baatar/sj-mathilde/leirskule

Kontaktperson: Hardanger fartøyvernsenter

Mathilde 2

 

Generell omtale av skulen

Velkomen om bord på hardangerjakta Mathilde. Leirskuleelevane møter her eit dyktig skutemannskap som set sikkerheit i høgsetet. Me legg ut på tokt i Hardangerfjorden og seglar dit vinden fører oss. Kvar kveld ligg me trygt fortøyd i ei ny hamn. Sjømannsfaget og livet ved kysten er hovudtema for leirskuleopphaldet.

På Mathilde  får ein verkeleg oppleva kva det vil seia å vera i same båt. På banjeren, som er storstova om bord, både søv og et me. Her spelar me kort og fortel sjømansskrøner, og det er her all innandørsundervisning  foregår. Dei fysiske råmene ei slik skute representerer gjer at klassefelleskapen blir forsterka. Det er såleis ein samansveisa gjeng som går i land etter ei veke i lag på Mathilde.

Emne og aktivitet

Båten og livet om bord er for oss eit viktig utgangspunkt for formidling om kunnskap om vår maritime kulturarv, men også  dei hamnene me er innom vert kjelder til kunnskap om kystkulturen før og no. I løpet av veka  fordjupar me  oss i desse tema:

  • Segling og båtkunnskap
  • Navigering
  • Dagens knute
  • Livet i fjøra
  • Fiske med garn og snøre
  • Sjøvett og sikkerheit på sjøen
  • Kysten si kulturhistorie

Mathilde 3

 

Eit leirskuletokt med Mathilde høver godt for elevar frå 5.-6. trinn og oppover

  • Eigar: Hardanger Fartøyvernsenter
  • Pedagogisk leiing: Fast tilsett leirskulelærar
  • Driftsesong: April/juni og august/september
  • Kapasitet: Maks 30 elevar
  • Lengd: Mandag til fredag

34-Hardanger-Maritime