Dyrkolbotn leirskule

 32-Dyrkolbotn

5994 Vikanes  
   
Telefon:
56356068  
 
Faks:
56357020
 
E-mail: post@dyrkolbotn.com  
Web: http://www.dyrkolbotn.com  
Kontaktpersonar: Signhild Dyrkolbotn

Generell omtale av skulen:

Dyrkolbotn leirskule ligg i Lindås kommune ved E39 mellom Bergen og Førde. Det tek vel ein time å køyre frå Bergen med bil eller buss, og omkring to timar frå Førde. Vi har Stølsheimen rett utanfor døra og Osterfjorden berre 10 minutt unna.

Alt er samla i ein bygning, som innbyr til mykje fellesskap med sine store rom. Leirskulen har vore i drift sidan 1975 og me har såleis lang erfaring i leirskuledrift.

Me har plass til om lag 100 gjester fordelt på 24 rom m/eigne bad. Bygningen er tilpassa rullestolebrukarar/funksjonshemma.

Oppleve – lære – meistre

Dyrkolbotn leirskule har som mål at elevane skal

– lære om naturen

– lære om bygdesamfunnet

– lære om og oppleve eit enkelt friluftsliv

– oppleve å tilhøyre eit stort sosialt fellesskap

– meistre utfordringar som naturen og aktivitetane byr på

– meistre å ta ansvar i lag med andre

Innhald

Me brukar heile leirskulen, naturen og samfunnet kring i undervisninga.
Innhaldet på leirskulen er direkte knytt opp til kompetansemål i kunnskapsløftet.

I eit vekesopphald har me nokre obligatoriske emne:

  • Bruk av kart og kompass (heile året)
  • Friluftsliv med opplevingstur (heile året)
  • Skileik (vinter)
  • Førstehjelp (heile året)
  • Me brukar kanoar (vår og haust),
  • Hestar (vår og haust) og trekkhundar (Heile året) i fleire av aktivitetane.
  • I tillegg får alle eit tilbod om å prøve rapellering og/eller fjellklatring.

    I tillegg kan gruppene velje emne ein av dagane.
    Valemne er:
  • Friluftsliv med eller utan overnatting ute,
  • garden og grenda,
  • bjørka (om treslaget/lage ein ting av bjørk) og
  • litt av kvart (t.d. kano, ridning, rapellering, lage gapahuk).
    Kvar gruppe kan velje to valemne.

Leirskule har minimum 3, til vanleg 4 overnattingar; normalt frå måndag til fredag.

Skreddarsydd:
Me kan også tilby skreddarsydde opplegg, både for ein, to eller fleire dagar.

Ta kontakt!