Prinsipper for opplæringen

Leirskole og læreplandelen «Prinsipper for opplæringen»

Utdrag som beskriver leirskole som læringsarena og pedagogisk virkemiddel!

«Fellesskolen skal byggje på og sikre det mangfaldet i bakgrunn og føresetnader som elevane har.» 

«Opplæringa skal fremme allsidig utvikling hos elevane og utvikle kunnskapane og ferdigheitene deira. Fellesskolen skal ha ambisjonar på vegner av elevane, gi dei utfordringar og mål å strekkje seg mot.»

Læringsplakaten

  • stimulere lærelyst, evne til å halde ut og nyfikne blant elevane
  • stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane i personleg utvikling og i styrking av eigen identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståing og demokratisk deltaking
  • fremme tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar
  • sikre at det fysiske og psykososiale arbeids- og læringsmiljøet fremmar helse, trivsel og læring

Sosial og kulturell kompetanse
«Eit tydeleg verdigrunnlag og brei kulturforståing er grunnleggjande for eit inkluderande sosialt fellesskap og eit læringsfellesskap der mangfaldet blir sett høgt og respektert. I eit slikt læringsmiljø er det rom for samarbeid, dialog og meiningsbryting.» 

«Elevane skal utvikle seg som sjølvstendige individ som vurderer konsekvensane av og tek ansvaret for eigne handlingar. Opplæringa skal medverke til å utvikle sosial tilhøyrsle og meistring av ulike roller i samfunns- og arbeidslivet og i fritida.»

«For å utvikle elevane sin kulturelle kompetanse til delta i eit multikulturelt samfunn, skal opplæringa leggje til rette for at dei får kunnskap om ulike kulturar og erfaring med eit breitt spekter av kulturelle uttrykksformer. Opplæringa skal fremme kulturforståing og medverke til å utvikle både sjølvinnsikt og identitet, respekt og toleranse.»

Motivasjon for læring og læringsstrategiar

«Motiverte elevar har lyst til å lære, held ut lenge, er nysgjerrige og viser evne til å arbeide målretta. Meistringsopplevingar styrkjer evna til å halde ut i medgang og motgang. Fysisk aktivitet fremmar god helse og kan medverke til større motivasjon for å lære. Fagleg trygge, engasjerte og inspirerande lærarar og instruktørar, bruk av varierte, tilpassa arbeidsmåtar og høve til aktiv medverknad, kan vere med på å gi lærelyst og ei positiv og realistisk oppfatning av eigne talent og framtidsutsikter.»

 

Tilpassa opplæring og likeverdige føresetnader

«Tilpassa opplæring innanfor fellesskapet er eit grunnleggjande element i fellesskolen. Opplæringa skal leggjast til rette slik at elevane skal kunne gi noko til fellesskapet og også kunne oppleve gleda ved å meistre og å nå måla sine.»

 

Samarbeid med heimen

«Samarbeidet mellom skole og heim er eit gjensidig ansvar, men skolen skal ta initiativ og leggje til rette for samarbeidet. Opplæringslova, forskrift til lova og  læreplanverket dannar grunnlag for samarbeidet, og foreldre og føresette skal ha reelt høve til innverknad på eigne barns læringsarbeid fagleg og sosialt.»